Reiseblogg fra Travellerspoint

Små tøffingar

Kosegutt

Kosegutt


Lillian

Lillian


Achim

Achim


Anaba

Anaba


Raoul

Raoul


Fatao

Fatao


Aowe

Aowe


Faiza

Faiza


Ralf

Ralf


Tøffing

Tøffing

Skrevet av tinahh.ghana 00:56 Kommentarer (0)

Miracle orphanage

Det er utruleg kva ein kan få til dersom ein ynskjer å hjelpe. Plutseleg hadde eg ”kjøpt” og blitt medeigar av ein ny barneheim i Ghana. Hurra!
No skal de høyre…
Som eg nemnte tidlegare, var ikkje verstsfaren min ein god mann. Kva han har gjort osv., er ikkje relevant å skrive her, men eg kan seie såpass at han er veldig glad i pengar, altfor glad i pengar. Han har i fleire anledningar teke store summar som eigentleg skulle gå til barneheimen og/eller ungane. Pengar det var meininga dei skulle bruke på mat og andre nyttige saker, bl.a helseforsikring. Ja, det finst verkeleg så onde menneske.
No lurer sikkert mange på kvifor denne mannen i det heile teke har noko med denne barneheimen å gjere. Jo, dette er fordi han i tillegg til å vere verstfar, også er eigaren av barneheimen, sjefen. Å vere eigar betyr at det er han som har betalt for registreringa av barneheimen. Skilnaden på dei registrerte og dei ikkje registrerte barneheimane, er at dei registrerte er ein del av staten. Etter at barneheimen er registert i staten, har ungane no mogelegheit for å få helseforsikring(dersom nokre frivillige betalar), slik at dersom dei vert sjuke og treng behandling, dekkar denne forsikringa mykje av kostnadane. Det er også berre dei registerte barneheimane som får hjelp av frivillige arbeidarar. Med andre ord, registrering er veldig viktig.
Medan eg var i Ghana, var ungane godt i gang med å byggje ein ny barneheim, nettopp på grunn av denne forferdelege mannen som tok pengane deira. Ja, du høyrde riktig, UNGANE bygde barneheimen. Barn frå 4- års alderen og oppover arbeida dagen lang, for å få denne barneheimen fortast mogeleg ferdig. Materiale hadde dei fått frå tidlegare frivillige, og land til å byggje på, hjå høvdingen.
Denne barneheimen var nesten ferdig medan eg var der, men sidan den er ny, mangla den registrering. Og det er her eg og mine pengar kjem inn i bilete. Eg nølte ikkje eit sekund, denne barneheimen SKULLE registrerast før eg reiste heimatt. Uheldigvis fant eg ikkje ut dette før 5-6 dagar før avreise, 2 dagar før eg reiste frå barneheimen, så tida var knapp. For å registrere ein barneheim, må ein til Accra, 15 timar frå der eg jobba. I tillegg må det også vere med ein person frå barneheimen, som i tillegg til meg, må registrerast som eigar og verstsfar/vertsmor. Og sidan det berre var ei dame, Mamartha, som jobba på barnheimen, måtte det bli ho. Eg skulle uansett til Accra for å ta flyet heimatt, så dersom ho kom seg dit før eg reiste(søndag)skulle eg finne ut kvar og korleis denne registreringa gjekk føre seg, og betale for den. Dette var noko ho ikkje kunne seie nei til, og etter mykje fram og tilbake, bestemte me oss for å gjere eit forsøk. Eg reiste til Accra på onsdag for å snakke med SYTO(organisasjonen eg reiste med), for å høyre om dette var mogeleg, og for å finne meir ut om registreringsprosessen. Allereie dagen etter var Mamartha på veg. Ho kom til Accra fredags morgon, eg møtte ho og me registrerte barneheimen. HURRA! Deretter reiste eg på SYTO-kontoret og registerte den der, slik at dei no skal byrje å sende frivillige til den nye barneheimen - Miracle Orphanage.
Ungane skal flytte over fortast mogeleg. Den fæle mannen, eigaren av den gamle barneheimen, var for augeblikket reist vekk og kom ikkje att på lenge. Planen er at han ikkje får vite noko om dette før han finn det ut på eiga hand. Han er aldri oppe på barneheimen å ser til ungane uansett, så dette kan ta si tid. Han har INGENTING med den nye barneheimen å gjere, men har no ein utan ungar. Og når han har ein barneheim utan ungar, er det heller ikkje nødvendig å sende frivillige opp dit, ergo; han tapar mykje pengar. Mohaha…
Ungane får det forhåpentlegvis mykje betre i tillegg til pengane dei har rett på. Dagens gode gjerning!

Glade ungar= glad Tina. Eg veit, eit av mine betre bilete, hehe

Glade ungar= glad Tina. Eg veit, eit av mine betre bilete, hehe

Skrevet av tinahh.ghana 03:57 Kommentarer (0)

Saknar ungane mine

Eg sit att med mange minner frå Ghana, både gode og vonde. Dei aller beste og dei eg hugsar mest, er utan tvil tida med ungane. Dei var årsaka til at eg reiste i utgangspunktet, årsaka til at eg gjennomførte, og dei er årsaka til at eg skal tilbake. Eg visste på førehand at eg kom til å bli veldig glad i desse ungane, bli knytt til dei og utvikle sterke band. Tanken på at eg ei gong måtte reise heimatt, låg i bakhovudet lenge før avreise, men dette viste seg å bli endå vanskelegare enn eg hadde trudd. Desse ungane gav meg så utruleg mykje, meir enn eg nokon gong hadde førestilt meg. Allereie frå fyrste dag var dei mine. Det kjendes ut som eg hadde kjent dei heile livet, etter å berre tilbringa nokre timar i lag. Saman med dei var eg berre lykkeleg. Saman med dei gjorde eg alt, saman med dei var eg alt. Uansett kor forferdelege forholda var rundt meg, vart alt gløymt når eg fekk vere med dei. Dei fekk tankane mine vekk frå all elenda, alt eg sleit med, og erstatta det med glede.
Det er så enkelt med ungar. Dei krev ingenting, har ingen fordommar, og bryr seg ikkje om du ikkje har dei rette kleda eller er ordentleg sminka. Alt dei ynskjer er merksemda di. Dei ynskjer at du skal leike med dei, dei ynskjer å smile og le. Heilt gratis. I deira verd eksisterar det ikkje noko som pengar, sminke eller store problem som; kva ein skal ha på seg til ei kvar tid. For dei treng du ikkje bevise noko, imponere, eller vere noko du ikkje er. Dei likar deg akkurat som du er. Alt dei treng rundt seg, er personar som bryr seg. Nokon som spør korleis dagen deira har vore, nokon som kjem å ser alle fotballkampane deira og nokon som sit ved senga deira når dei er sjuke. Dei treng berre ein grunn for å halde motet oppe, for å halde fram med å kjempe, og utnytte kvar einaste anledning dei har til å smile og le, for dette er det einaste dei har. Det einaste dei har for å kome seg gjennom kvar einaste dag, og for å ikkje falle saman. Dei må lære seg til å bli glad i livet akkurat som det er, for dei har ikkje noko mogelegheit til å endre det. Dei har verken I-phone, mobil, tv, data, eller dyre vesker til å gjere livet deira perfekt. Og for dei som har forstått at det materielle ikkje har nokon tyding, men at det er menneska rundt deg som er den verkelege gleda i livet og den eigentlege lykka, har ikkje desse ungane det heller. Alt dei har er ingenting, og det må dei greie seg med. Korleis er dette mogeleg?
Her i Noreg går me rundt og er sure og irritert over at me ikkje kan kjøpe alt me ynskjer. Eller, det finst faktisk dei som kan det og. Fleire og fleire, uheldigvis. Me synest det er greitt å klage over små bagatellar og luksusproblem som stadig dukkar opp i kvardagen vår.
Og me syns synd i dei fattige for alt dei går glipp av, når sanninga er at det er me som går glipp av noko, faktisk alt. Kva er det livet eigentleg handlar om, kan ein spørje seg?
I dag finst det menneske som er heimlause, har ingen stad å gå eller sove. Det finst menneske som ikkje eig ei einaste krone, som ikkje har råd til verken mat eller drikke. Det finst framleis menneske som lev utan elektrisitet, utan dusj og do. Kor lenge er det sidan dette var vanleg i Noreg?
Dei kunne gjort ALT for å vore i vår livssituasjon, men kan gjere INGENTING med det. I Noreg har me moglegheita til å gjere kva me ynskjer med liva våre. Me har moglegheita til å planleggje vår eiga framtid og gjere det beste ut av det. Me står heilt fritt og kan leve akkurat det livet me ynskjer. Me kan bli akkurat kva me vil, bu kvar som helst, og vere med dei personane me likar. Det er ikkje alle som har det slik. Det finst altfor mange som er fanga i sitt eige liv, og har ingen moglegheit til å rømme frå det. Er du klar over kor heldig du faktisk er?
Men ikkje berre når det gjeld framtida, tenk på alt eit barn har behov for gjennom heile livet. Mat, drikke, klede, tak over hovudet, skule, utdanning, og det viktigaste av alt; familie - foreldre og søsken. Tenk på kor avhengig eit barn er av å alltid ha foreldra sine rundt seg. Ha nokon som passar på, alltid bryr seg og ser til at du har det bra. Er det mogeleg å leve utan?
Foreldre som har ansvaret for deg og som skal vere der for deg i alle tider. Foreldre du skal lære av, oppleve og erfare saman med. Foreldre du kan fortelje alt til, og som alltid skal vere der å lytte, uansett kva det måtte vere. Foreldre som skal leggje grunnlaget for deg, og byggje deg opp til å bli ein sterk og sjølvstendig person. Men mest av alt, foreldre som skal gi deg dei viktigaste ingrediensane i livet; tryggleik, omsorg og kjærleik. Kvar er dei? Kvar går desse ungane når dei er triste, sinte eller lykkelege? Kven kan dei få råd og hjelp av, og når skal dei oppleve at nokon er glade på deira vegne?
I Ghana er forholdet mellom vaksne og barn heilt annleis enn kva det er i Noreg. Mykje av grunnen til dette er fordi i Ghana er det lov å slå. Det er ikkje lov å vise kjensler, men det er heilt lovleg å nytte vald.
Om ein unge er lei seg, har det vondt eller er sjuk, skal ein ikkje vise det. Dette var noko eg merka ofte på barneheimen. Dersom nokon av ungane slo seg, eller vart slått, var det ingen som sa noko, ingen som grein, dei berre gjekk vekk i stillheit. Det var veldig vanskeleg å trøste, når ingen ville ta i mot trøsta. Eg prøvde å halde rundt dei, men då snudde dei seg berre vekk. Dei skamma seg over å vere lei seg. Det virka som om dei trudde det var deira feil for at dei hadde vondt, som om dei var svake. Sanninga er vel at det er ingen som er så sterke som desse ungane, som ha måtte klara seg i livet på eiga hand.. Dei kan ALT, og er ikkje redd for noko. Dei fyrste gongene eg skulle gå tilbake på rommet mitt om kveldane, måtte ein av ungane følgje meg. Det var ganske spesielt å måtte bli følgt av ein 6 åring fordi EG var livredd for mørke! Uansett….Det som kansje er det verste av alt når nokon har det vondt, er at dei andre rundt står og ler og peikar. Ungane eig verken empati eller sympati, dei forstår ikkje korleis dei skal oppføre seg i dei ulike situasjonane fordi ingen har lært dei skilnaden på rett og gale. Ingen tørr å vise kjensler, fordi dei er redde for korleis andre skal reagere og for å gjere noko gale. Dersom det skjer, vert dei slått. Dette var noko av det vanskelegaste å "venne seg til", at her slår alle kvarandre, både vaksne og ungar. Eg veit ikkje kor mange gonger eg sa at me IKKJE skal slå kvarandre. Dette er FEIL! Men kvar einaste gong vart desse orda møtt med latter. Dei tok meg ikkje på alvor, trudde eg berre tulla. Når ungane opplev sjølv å bli slått av vaksne, heilt frå dei er små, kan ein ikkje forvente noko anna enn at ungane også byrjar å slå kvarandre. Dei lærer at dette er rett, og at det er den einaste måten å lære på. Det å sjå og høyre at eit lite, uskyldig barn blir slått av vaksne personar, i verste fall, av eigne foreldre, trur eg var det verste eg opplevde her nede. Når ein går i gatene og høyrer piskeslag frå husa, etterfølgt av barnegråt, veit ein rett og slett ikkje kva ein skal gjere. Ungane lærer å frykte sine eigne foreldre. Dei byggjer opp eit forhold til dei vaksne basert på redsel og usikkerheit, i staden for tryggleik, kjærleik og omsorg. Ein vaksen person for dei, er ikkje ein ein kan spørje om hjelp eller råd viss ein lurer på noko. Ein delar ikkje opplevingar eller har det kjekt med ein vaksen. Dei behandlar ungane akkurat som ein vil, treng ikkje vise respekt eller forståing, og på grunn av dette, tek ungane automatisk avtand og prøver å unngå dei. Dei er ikkje vande med å ha ein vaksen person i livet sitt. Dei lev kvar sine liv, ikkje opne for å gjere noko saman eller få nye opplevingar i lag. Dette er ikkje rett.
Som eg nemnte tidlegare, var ikkje vertsfaren min ein bra mann, og det er mange grunnar til det. Ein av dei, var at han ikkje var snill med ungane sine. Eg var i huset hans ei gong, og då trengte eg straum på mobilen min. Men det var ikkje lenge eg orka å vere der, då ungane flaug vegg i mellom frå eg kom til eg reiste. Berre dei tråkka foten innom døre, vart dei slått så dei flaug ut att. Når dei sa noko, vart dei slått, dersom dei ikkje sa noko, vart dei også slått. Uansett kva dei gjorde, eller ikkje gjorde, var det ingenting som var greitt. Er det rart at ungane er usikre på korleis dei skal oppføre seg, når dei stadig får høyre at alt dei gjer er feil, at ingenting er godt nok? Og når dei då vert straffa med vald. Korleis kan ein forvente at ein unge skal oppføre seg, når dei ikkje har lært skilnaden på kva som er rett og gale? Dei vert altså straffar for noko foreldra har ansvaret for. Ikkje rett!
Det var også ein episode på barneheimen då ei mor slo sonen sin på 2 år. Ho haldt han med ei hand og slo han med den andre, rett framfor augo mine. Dette klarte eg rett og slett ikkje å sjå på, og ropte at ho måtte slutte. Ho gav seg ikkje, så eg tok med meg ungen og gjekk derifrå. Den vetle guten grein og grein, men etter ei stund roa han seg og sovna i fanget mitt. Ja, folkens, dette er verda me lev i…
Ein må hugse på ein ting; det er ingen ungar som har bedt om å kome til verda….

Det har ikkje gått ein dag sidan eg kom att at eg ikkje har tenkt på ungane på barneheimen. Dei er det fyrste eg tenkje på om morgonen og det siste før eg går til sengs. Eg drøymer om dei, og vaknar om netene av at eg tenkjer på dei. Saknet er enormt. Har så lyst å sjå dei, klemme dei og halde rundt dei. Sjå at dei har det ”bra”. Akkurat no går eg berre rundt og pinar meg sjølv med dårleg samvit uansett kva eg gjer. Kroppen er framleis øydelagt og energilaus, fylt med sorg og smerte. Og uansett kor mange gonger eg gjentek for meg sjølv at det er greitt, klarar eg ikkje slutte å klandre meg sjølv for å ha det godt

Skrevet av tinahh.ghana 03:26 Kommentarer (0)

Vaksine X2

Medan eg var i Ghana, kjøpte me to vaksiner til alle ungane på barneheimen. Ei mot gulfeber, og ei for å redusere sjansen for å få malaria(finst ikkje vaksine direkte mot malaria). Ei vaksine kostar rundt 5 cedi, som er omlag 20 kroner, ikkje veldig dyrt.
Det å vere sjuk, er heilt vanleg her nede. I løpet av tida mi på barneheimen, var det ungar som var sjuke nesten kvar dag. Dette var ikkje vanskeleg å sjå, for dei ungane som ikkje var friske, hadde det ikkje godt. Dei var liksom ikkje til stades. Ein kunne sjå smerten og sorgen i augo deira. Dei var så redde og hjelpelause, men sa likevel ikkje eit ord.
Det beste, eller kansje det verste av alt, var at det vanlegvis ikkje skulle meir til enn ein liten tablett for å gjere dei friske att. Uansett kor lett og enkelt dette er for oss, er det langt i frå kva dei har tilgang på og råd til. Dersom det ikkje er nokon frivillige på barneheimen som kan gi dei til dømes ein paracett eller ibux, kan dei ikkje gjere anna enn å vente til sjukdommen er over.

Eg tok ingen bilete under vaksineringa, og grunnen til dette er at mange av ungane var ganske redde for sprøyta. Når den fyrste vaksina skulle takast i rumpa, vart ikkje situasjonen akkurat betre. Men, dei forstod at det vart til deira eige beste.
Her er nokre bilete eg tok rett før den andre vaksineringa. Det kom ein svensk frivillig som jobba på sjukehuset, han snakka med ungane om korleis ein på best mogeleg måte skal unngå malaria.

DSCN1276

DSCN1276


DSCN1283

DSCN1283

Skrevet av tinahh.ghana 02:03 Kommentarer (0)

Hipp hurra, malaria!

Sjølvsagt fekk eg malaria medan eg var i Ghana. Dette er nesten ikkje til å unngå, så eigentleg var eg litt forberedt på det. Jo, eg tok malariatablettar. Både på førehand, under opphaldet mitt og heldt framleis på med det, men likevel klarte ein eller anna helvett av ein mygg å forgifte meg. Det er fult mogeleg å få malaria sjølv om ein er ”vaksinert”, men med tablettane unngår ein i alle fall den dødelege varianten.
Uansett…Etter fem dagar i helvete, kan eg seie såpass at det er det verste eg nokon gong har opplevd, har aldri vore så sjuk i heile mitt liv. Eine natta var eg sikker på at alt var over, eg trudde rett og slett eg skulle dø.
Eg vart sjølvsagt sjuk på natta, og vakna av at noko i magen berre måtte ut. Jaha, kva gjer eg no? Ute er det bekmørkt og ”doen” er eit hol mellom fire veggar, eit lite stykkje frå der eg søv. Her finst det både froskar, padder, firfisler, kakerlakkar, edderkoppar, biller, og ja, alt ein kan tenkje seg av herlegheitar. Eg vart overraskande fort vand med insekta her nede, i alle fall etter å vakne med ein kakkerlakk 5 cm frå nasen, men ja, det går ei grense. Eg hadde sjølvsagt med meg(ei mega kul) lampe/lykt(takk, Johannes), men veit ikkje om det gjer saken noko betre, for vil ein verkeleg sjå alle desse krypa? Dette var ikkje ein gong eit alternativ for meg, ALDRI kom eg til å reise på den doen, så eg måtte tenkje ut ein anna løysning, for ut måtte eg. Eg skal ikkje gå meir i detalj på kva som skjedde vidare, men eg seier berre ein ting; desperate situasjonar, krev desperate løysningar…Kan ikkje forstå korleis eg i det heile teke klarte å kome meg ut på eiga hand, då eg hadde store problem med å berre røyse meg dei andre dagane. Men ja, må ein, så må ein, det har i alle fall eg lært.
Dette vart 5 laaaaange dagar i senga. Fem dagar med ingenting. Eg klarar ikkje gjere noko, berre ligge heilt i ro og stirre i lufta. Berre tanken på mat gjorde at eg måtte kaste opp, og dersom eg prøver å ete noko,kom det ut att fem minuttar seinare andre vegen.
Men, eg overlevde, sjølv om eg var i tvil mange gonger. Verstsfaren til dei norske jentene skjønte med ei gong at det var malaria, så eg fekk medisin fyrste dagen.
Jaja, det var ein erfaring rikare, eller kansje to? Eg klarte også å få brannkoppar allereie fyrste veka i Walewale, noko eg ikkje fant ut før eg kom heimatt til Spania. Både armar og bein var dekka av opne sår, men eg tenkte det berre var nokre litt uheldige myggstikk. Vart litt bekymra når det berre vart meir og meir av dei, men samstundes forsvann også ein etter ein, så eg tenkte det ikkje var noko alvorleg. Har nokon heftige arr no, men det er berre tøft.

Neddopa

Neddopa


Liten smakebit av brannkoppane.

Liten smakebit av brannkoppane.


Skal seie flugene koste seg når dei fekk ete av desse

Skal seie flugene koste seg når dei fekk ete av desse

Skrevet av tinahh.ghana 07:00 Kommentarer (0)

(Innlegg 1 - 5 av 21) Side [1] 2 3 4 5 »